Hopp til innhald

Ganggrav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ganggrav ved Tustrupdysserne frå 3200 f.Kr. Denne ganggraven er den største i Austjylland.

Ganggrav[a] er eit gravkammer av stein som er dekka av ein jord- eller steinhaug, og som har ein smal tilkomstgang bygd av store steinar. Desse gravene blir òg kalla for megalittgraver.[1] Einmanns-kammera blir kalla dysser. Dysser er den vanlegaste forma for ganggraver i Norden, med over 7000 kjende i Danmark og snautt 400 i Sverige. I Noreg er det to sikre: Skjeltorp i Skjeberg i Østfold, og på Holtnes i Hurum i Buskerud.[2] To eller tre andre førekomster på Holtenes kan òg ha vore dyssar. Tidvis kallar ein epoken for desse gravene for «dyssetida», som er tidleg neolittisk tid, bondesteinalderen.[2]

Ein utskoren modell av ei ganggrav.

Når ei ganggrav er dekka av stein, er det ei form for steinrøys. På engelsk nyttar ein eit særskilt omgrep, 'carn', avledidd frå skotsk-gælisk càrn, fleirtal càirn.[3] Definisjonen er ei «stor, konisk steinrøys» (heap of stone) som særleg er vanleg i Skottland og i Wales, men òg er funnen andre stadar på Dei britiske øyane.[4] Det blir gjerne omsett til varde på norsk, men dette kan lett bli svært upresist ettersom ikkje alle vardar nødvendigvis er eit dekke over ein gravhaug. Ver òg merksam på at «dysse» i eldre litteratur kan visa til andre konstruksjonar av stein, til dømes gravrøysar, hustufter og liknande.

Oppbygging

[endre | endre wikiteksten]
Skisse av Klövagårdens ganggrav i Sverige (Nordisk familjebok)

Ganggrava blei brukt som storfamiliegrav av jorddyrkande folkeslag i Vest-Europa i yngre steinalder, og tilhøyrer traktbegerkulturen. Ein har funne opp til rundt 400 skjelett i ei ganggrav på Langeland i Danmark. Ganggravene avløyste dyssene, og skiftet fann stad kring 3200 år f.Kr. Når ho er dekt av jord, er ei ganggrav ein type gravhaug som finst i ulike former over heile verda.

Ganggravane blei truleg bygde innanfor ein periode på eit par hundre år, ca. 3300-3200 f.Kr. og skal sjåast i samband med innføringa av landbruket kring 4000 f.Kr. Mange av ganggravene i Danmark, kanskje halvparten, er meir eller mindre brotne ned som følgje av at ein på 1700- og 1800-talet nytta dei som steinbrot for blant anna å byggja vegar. Ei mindre gruppe er derimot restaurert eller står som då dei blei bygde i bondesteinalderen.

Gravene vitnar om stor ingeniørkunst, og det kravde samarbeid frå mange menneske for å byggja dei. På same velorganiserte måte blei det bygd store, inngjerda samlingsplassar der folkesetnaden kunne danna sosiale kontakter og utføra felles ritual. Ganggravane vitnar òg om stor teknisk kunnskap og ein nøye gjennomtenkt konstruksjon.[5] Til dømes er mellomromma mellom dei store beresteinene fylt med tørre veggfliser - flat sandstein - lagt lag på lag. Ved arkeologiske undersøkingar er det i visse tilfelle funne at det er lagt falda bjørkebark i mellomrommet mellom dei enkelte tørrveggflisen. På øya Møn er det derimot brukt kritmasse for å fylla mellomromma mellom dei tørre veggflisene. Bak beresteinene ligg kompakte lag av brent flint, som lik tørrveggene og bjørkeborken har bidrege til å halda gravkammeret tett og tørt.[6]

Ganggravane blei nytta i hundrevis av år, og ved arkeologiske undersøkingar av blant anna danske Rævehøyg ved Slagelse er det funne bein frå fleire gravleggingar. I nokre tilfelle er det gravlagt rundt 100 ulike personar på ein stad. Det finst døme på at gravkammera til ganggravane òg blei brukt til gravlegging i bronsealderen, men på denne tida endra gravskikkane seg, blant anna ved at ein gjekk over frå jordfestegraver til å brenna dei døde på likbål og gravleggja dei i branngraver.[7]

  1. ↑ dansk jættestue, svensk gänggrift engelsk passage grave
  1. ↑ Østmoe & Hedeager (2005), s. 88
  2. 1 2 Østmoe & Hedeager (2005), s. 88
  3. ↑ Drummond, Peter (2010): Scottish Hill Names, Scottish Mountaineering Trust, ISBN 978-0-907521-95-2, s. 25
  4. ↑ «cairn (n.)», Online Etymology Dictionary
  5. ↑ «Langhøje, dysser og jættestuer», Nationalmuseet i København
  6. ↑ «En jættestue bliver til», Nationalmuseet i København
  7. ↑ «Dysse eller jættestue, mv., Himmelev», Lex.dk

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]