Kleine Emme
Utsjånad
| Kleine Emme | |||
| elv | |||
Dalen Waldemmen som Kleine Emme renn gjennom | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Kanton | Luzern | ||
| Nedslagsfelt | 477 km² | ||
| Lengd | 58 km | ||
| Kjelde | ved Brienzer Rothorn | ||
| - koordinatar | 46°48′38″N 8°6′0″E / 46.81056°N 8.10000°E | ||
| Munning | Reuss | ||
![]() Kleine Emme 46°48′05″N 8°04′00″E / 46.801388888889°N 8.0666666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Kleine Emme | |||
Kleine Emme er ei elv i kantonen Luzern i Sveits og ei av sideelvane til Reuss frå venstre. Ho er 58 km lang og har eit nedslagsfelt på 477 km². Elva må ikkje forvekslast med Emme i kantonen Bern.
Kleine Emme spring ut som Waldemme sørvest i kantonen Obwalden, ved Brienzer Rothorn-massivet ved Emmensprung, og renn nordvestover langs Mariental, forbi Sörenberg. Ho svingar nordover når ho går inn i Entlebuch-området, der ho møter Weissemme nær Schüpfheim og Entlen ved Entlebuch. Etter å ha teke i mot Fontannen svingar ho austover ved Wolhusen der ho møter Wigger og seinare Rümlig. Frå her renn ho parallelt med fjellet Pilatus, forbi Malters, og munnar ut i Reuss ved Emmen, to kilometer nedanfor Vierwaldstättersee.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kleine Emme» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2012.
