Hopp til innhald

Kloning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stiklingar av basilikum. Dette er ein type kloning som er mykje nytta til å formeira plantar.

Kloning er å laga ein identisk kopi av noko. Det er ei form for formeiring som fører fram til arvemessig like individ som utgjer klonar. I biologi og genteknologi viser kloning til prosessen som lagar kopiar av DNA-fragment (molekylær kloning), celler (cellekloning) eller organismar. Når organismar reproduserer seg aseksuelt blir dette òg kalla kloning.

Naturleg kloning

[endre | endre wikiteksten]

Naturleg kloning er danning av klonar utan genteknologiteknikkar og menneskeleg innblanding.[1] Slik kloning kan finna stad gjennom ei rekkje naturlege mekanismar, frå eincella organismar til komplekse fleircella organismar, og har blitt nytta til å spreia livsformer i millionar av år. Ulike typar av denne reproduksjonsmåten blir nytta av plantar, soppar og bakteriar, og kan halda genetar i live over lang tid.[2][3] Det kan også vera ei form for ukjønna formeiring der ein foreldreorganisme lager genetisk identisk avkom av seg sjølv.[4][5]

Mange plantar er kjende for naturlege kloningeigenskapar, som blåbærplantar, hasseltre og amerikaospetre som Pando.[6][7]

Naturleg kloning opptrer også hjå einegga tvillingar gjennom at fertiliserte egg deler seg til to eller fleire embryo som alle har identisk DNA.

Cellekloning

[endre | endre wikiteksten]
Kloningsprossessen som førte fram til sauen Dolly.

Reproduktiv cellekloning nyttar somatisk cellekjerneoverføring til å skapa dyr som er genetisk heilt like. Ein cellekjerne frå eit vakse individ (somatisk celle) blir sett inn i ei eggcelle som har fått fjerna kjernen sin. Dersom dette egget byrjar å dela seg normalt kan det setjast inn i livmora til ei surrogatmor. Den fyrste og mest kjende kloninga av dyr fann stad i Skottland sommaren 1996, då sauen Dolly blei framstilt av celler frå juret til mora. Kloninga blei gjennomført av Ian Wilmut, Keith H.S. Campbell og kollegane deira ved Roslin Institute nær Edinburgh. Etter dette blei det innført forbod mot kloning av menneske.

Kloning av husdyr med særleg gode eigenskapar finst i ein del land. I Noreg er kloning strengt regulert ved lov, og det er ikkje lovleg å klona virveldyr eller krepsdyr. Det kan gjevast dispensasjon til medisinsk eller biologisk forsking, men dispensasjon blir aldri gjeven for kloning av primatar.[8]

Terapeutisk kloning

[endre | endre wikiteksten]

Terapeutisk kloning er ein prosess der ein produserer nye celler, kroppsdelar eller organ frå ein pasient sine eigne celler. Produkta blir då genetisk identiske med dei til pasienten, og kan nyttast til medisinske føremål. Dette har til no blitt oppnådd med delar av ei urineblære.[9]

  1. ↑ «Natural Cloning: Definition & Examples | StudySmarter». StudySmarter US (på amerikansk engelsk). Arkivert frå originalen 5. mai 2023. Henta 5. mai 2023.
  2. ↑ «Tasmanian bush could be oldest living organism». Discovery Channel. Arkivert frå