Hopp til innhald

Nettroll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon av eit nettroll.
Deltakarar på nettforum blir ofte oppmoda til å ikkje «mata trolla».

Nettroll viser til ulike former for uønskt oppførsel på Internett. Den opphavlege tydinga av ordet viste til folk som skriv feil eller provoserande ting for å få respons.[1]

Trolling i moderne engelsk viser til ein fiskemetode der ein sleper ein krok med påsett agn gjennom vatnet og venter på at noko skal bita på;[2] ein variant av fisketeknikken dorging. Før internettbruken blei trolling brukt som militærslang for det å lura fiendar til å bruka skyts på lokkemiddel i staden for verkelege mål.[3] Eit nettroll kan tilsvarande seiast å slenga ut eit åte, typisk eit upopulært synspunkt, og venta på at nokon tek det.

Etterkvart har nettroll-omgrepet fått ei vidare tyding, gjerne inspirert av troll frå skandinavisk folketru, eller av bruken av ordet troll om ein stygg eller ubehageleg person.[1] Det kan visa til folk som er kranglevorne eller plagsame, tilmed til personar som plager eller sjikanerer andre på Internett.[4][5]

  1. 1 2 troll, n.1. Oxford University Press. 2006. Henta 29. januar 2017. {{cite book}}: |work= ignored (hjelp); troll, v. Oxford University Press. 2006. Henta 29. januar 2017. {{cite book}}: |work= ignored (hjelp)
  2. ↑ «troll». Merriam-Webster Online Dictionary. 2010. Henta 7. januar 2010.
  3. ↑ Pilotar frå US Navy i Vietnam snakka om «trolling for MiGs» i 1972 om bruk av «...decoys, with the mission of drawing...fire away...». John Saar (4. februar 1972). «Carrier War». Life.
  4. ↑ «Police charge alleged creator of Facebook hate page aimed at murder victim». The Courier Mail (Australia). 22. juli 2010. Arkivert frå originalen 11. august 2011. Henta 27. juli 2010. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  5. ↑ Matt Toder (03/31/10), Trolling: The Today Show Explores the Dark Side of the Internet {{citation}}: Check date values in: |date= (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

«nettroll» i Store norske leksikon, snl.no.