Hopp til innhald

Rasjonale tal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rasjonale tal er tal som kan skrivast på brøkform som mn, der m er eit heiltal og n eit naturleg tal. Mengda av rasjonale tal vert ofte gjeven som ℚ og formar ein kropp, nemleg brøkkroppen til heiltala. Dei rasjonale tala er ei tett, tellbar og ikkje-samanhengande delmengd av dei reelle tala. Reelle tal som ikkje er rasjonale kallast irrasjonale tal.

Desse tala har ei endeleg eller periodisk desimalutvikling, til dømes:

13=0,3333333⋯=0,3¯
14=0,25
922=0,4090909⋯=0,409‾