Eldste kulturminnar i Bjørnafjorden kommune er helleristningane på Bogøya, ein halvøy i Samnangerfjorden. Dei er fra bronsealderen og omfattar mellom anna fleire skipsfigurer. Det er og bergkunst på Samnøy og ved Vinnes og Hauge i kommunen.
Innanfor botnen av Lysefjorden ligg ruinane av Lysekloster, Noregs første cisterciensarkloster, som blei grunnlagt i 1146. Like sør for ruinane ligg Lysekloster gard med eit lite, privat kapell, innvigd i 1663.
I Eide ved sørenden av Gjønavatnet er det bevart eit typisk vestlandsk klyngjetun.
I Osøyro ligg Os kyrkje, ein langkyrkje i tre frå 1870. Den har glassmalerier av Bernhard Greve og en minnetavle fra middelalderen. Der ligg og Os prestegard med Borgstova frå ca. 1350.
I tidlegare Fusa ligg mellom anna Holdhus gamle kyrkje, som er ein langkyrkje i tre, opphavleg stavkyrkje frå først på 1300-talet, ombygd i 1725 og 1836. Som einaste kyrkje i landet har ho ein måla madonnastatue i kalkstein frå 1400-talet, altertavle frå 1590 og preikestol i tre frå 1570. Kyrkjeskipet er i romansk stil med rosemåla søyler og rundbogar. Ved kyrkja er det skulemuseum.
Stavangerske postvei frå 1700-talet går gjennom heile kommunen frå Røykenes i nord til Sundfjord i sør. Fra Bergen til Osøyro var det en gammel ridevei alt i middelalderen, dokumentert i Absalon Pederssøn Beyers dagbok frå 1565.
Rundt tre kilometer nord for Osøyro ligg Ulven leir, ein militær øvingsplass etablert i 1870-åra og brukt som fangeleir av den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. I dag blir leiren brukt av ei rekkje militære avdelingar i Bergensområdet.
Os er kjent den tradisjonelle båttypen oselvaren. Oselvarverkstaden i Osøyro videreførar denne tusen år gamle båtbyggerkunsten, som var viktigste næringsvei i kommunen fram til 1950-talet. Klinkbygging av båtar står nå på UNESCOs verdensarvliste for immaterielle kulturminner.
På Lysøya ligg fiolinisten Ole Bulls særmerkte, nasjonalromantiske Villa Lysø, som no er offentleg eigedom og museum. Ole Bull kjøpte øya i 1872.
Os stasjon er igjen etter den privat, smalsporde jernbanen Os–Nesttun som var i drift frå 1894 til 1935.
Ved Holmefjord innanfor Bogøya ligg Tønnegarden, som er eit formidlingssenter for bøkkarhandverket.
I Osøyro kjem avisa Os og Fusaposten ut.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.