Faktaboks

Halvdan Koht
Fødd
7. juli 1873, Tromsø
Død
12. desember 1965, Bærum
Virke
Historiker og politiker
Familie

Foreldre: Overlærar og stortingsmann Paul Steenstrup Koht (1844–1892) og Betty Giæver (1845–1936).

Gift 29.9.1898 i Kristiania med lærar Karen Elisabeth Grude (1871–1960).

Svigerson av Martin Adolf Grude (1841–1918); far til Åse Gruda Skard (1905–1985) og Paul Gruda Koht (1913–2002); svigerfar til Sigmund Skard (1903–1995); morfar til Torild Skard (1936–) og Målfrid Grude Flekkøy (1936–2013).

Halvdan Koht var ein norsk historikar og politikar for Arbeidarpartiet. Han kom tidleg i kontakt med målrørsla, og vart etter kvart den framste språkpolitikaren i Arbeidarpartiet og var pådrivar for språkreforma i 1938, som hadde som langsiktig mål å byggje eit samnorsk skriftmål. Som utanriksminister frå 1935 til 1941 førte han ein nøytralitetspolitikk, og etter andre verdskrigen ga mange han skulda for at Noreg vart okkupert. Seinare historikarar har gitt eit meir nyansert syn på saka.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Halvdan Koht var ein norsk historikar og politikar for Arbeidarpartiet. Frå 1910 til 1935 var han professor i historie, og frå 1935 til 1941 var han utanriksminister. Han var utanriksminister då Nazi-Tyskland okkuperte Noreg 9. april 1940 og var ein omstridd mann både under og etter andre verdskrigen.

Koht var ein av dei mest framståande personane i norsk akademisk og politisk liv i første halvdel av 1900-talet. I 1900 vart han universitetsstipendiat, i 1908 dr.philos. og dosent i historie. I 1910 vart han professor i historie ved Universitetet i Kristiania, og han var ei markant røyst i historikarmiljøet. Han var språkmektig og hadde eit omfattande internasjonalt nettverk.

Koht kom tidleg i kontakt med målrørsla. Han vart òg etter kvart den fremste språkpolitikaren i Arbeidarpartiet og var pådrivar for språkreforma i 1938, som hadde som langsiktig mål å byggje eit samnorsk skriftmål.

I 1935 vart Koht utanriksminister i Johan Nygaardsvolds Arbeidarpartiregjering (frå 1940 kalt Londonregjeringa). Då den norske nøytralitetspolitikken mislukkast og Noreg vart okkupert av Tyskland i 1940, fekk Koht av mange hovudskulda for at Noreg var dårleg førebudd på krig. I 1941 måtte han gå av som utanriksminister, men han gav aldri opp kampen for ettermælet sitt.

Koht var internasjonalist, fredselskar, men òg nasjonalist, einerådig, men samtidig eit varmt menneske. Samtidig som hans posisjon som ein av dei viktigaste norske historikarane til 1900-talet er heva over tvil, har rolla hans som utanriksminister vore svært omdiskutert.

Bakgrunn og utdanning

Koht vaks opp i Tromsø, Skien og Aker, valte å skrive nynorsk og utdanna seg til historikar.
Av /Bø Museum.

Koht voks opp i Tromsø, som den nest eldste i ein søskenflokk på fire. Familien tilhøyrde kjøpmanns- og embetsmannsmiljøet i byen. Faren var overlærar ved latinskulane i Tromsø og Skien, leiar for Tromsø Arbeidersamfunn, ordførar i Tromsø og Skien, og han representerte Venstre på Stortinget i perioden 1889–1891 og fram til sin død 1892. Mora verka som timelærar og meistra song, språk og teikning. Familien flytta til Skien då Halvdan var 12 år gammal, og budde der til 1893, då dei etter at faren døydde flytta til Bekkelaget i Østre Aker.

Reaksjonar på dei nordnorske talemåla hans i skiensmiljøet, inspirasjon frå faren og møtet med bondekulturen i Telemark sommaren 1891 fekk Koht til å velje landsmål (nynorsk) som skriftspråket sitt, med ei svært personleg rettskriving. Han tok examen artium i 1890, og etter filologistudium ved universitetet i Kristiania tok han språkleg-historisk embetseksamen i 1896. Av lærarane ved universitetet knytte han seg sterkast til professor Gustav Storm.

Under eit stipendopphald i utlandet i åra 1897–1899 studerte Koht i København under Kristian Erslev, i Leipzig under Karl Lamprecht og i Paris. Tema for studieopphalda var mellomalderhistoria, som Koht såg på som grunnleggjande for det moderne Europa. Tida frå 1890 fram til 1905 var ikkje berre prega av fagleg, men òg politisk utvikling. Han var ein aktiv deltakar i norskdomsrørsla og ansvarleg for utanriksstoffet i bladet Den 17de Mai.

Unionsoppløysinga i 1905 vart eit tidsskilje for Koht, men òg eit nederlag for republikken han hadde arbeidd for. Den internasjonale utsyna førte han til arbeid av internasjonal karakter, som fredsarbeidet. Etter kvart gjekk han over frå Venstre til Arbeidarpartiet, som han røysta på frå 1900. Forandringa i det politiske synet var prega av solidaritet med den nye underklassen og kjensla av at framtida låg hos arbeidarrørsla.

Våren 1900 overtok Koht arbeidet med Jens Braage Halvorsens Norsk Forfatter-lexikon etter dennes død, og fram til 1908 fullførte han det femte og sjette bindet av verket. Det kravde store bibliografiske og biografiske kunnskapar og nøyaktigheit. Parallelt med dette arbeidet hadde han i åra 1901–1907 stilling som adjunktstipendiat ved universitetet i Kristiania. I 1908 tok han den filosofiske doktorgraden, og same år blei han utnemnd til dosent i historie ved universitetet.

Historikar

I sitt emneval spenner Koht vidare enn nokon annan norsk historikar. Han skreiv om både norsk mellomalder, hendingane i 1814, bonde- og arbeidarrørsla og eigne opplevingar under og etter andre verdskrigen. Halvdan Koht på arbeidsrommet, ukjent dato.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Klassekamp og eit materialistisk historiesyn

Koht bygde opp ein teori der bonderørsla på 1800-talet endra mål og funksjon frå å kjempe for klasseinteressene sine til etter kvart å hevde allmenne, universelle krav. Kampen til arbeidarrørsla måtte etter Kohts meining sjåast i same perspektiv. Han så for seg den norske historiske utviklinga slik at først bøndene og deretter arbeidarane gjennom kamp vann fram til samfunnsmakt.

I sitt emneval spenner Koht vidare enn nokon annan norsk historikar. I åra 1908–1909 oppheldt han seg i USA, noko som fekk mykje å seie for at han tileigna seg eit materialistisk historiesyn og utvikla teorien om at klassekamp og nasjonal eining var ledd i same historiske prosess – kanskje hans mest originale bidrag til norsk historieforsking. Teorien forma han gjennom artiklar og enkeltverk i åra 1905–1926, med Norsk bondereising som det sentrale verket. Her trekkjer Koht ei linje mellom dei to periodane han framfor alt interesserte seg for: mellomalderen og 1800-talet. Tematisk tok han utgangspunkt i bonderørsla og interessekonflikten mellom bondesamfunnet og dei styrande klassane, embetsstanden og byborgarane.

Koht bygde opp ein teori der bonderørsla på 1800-talet, under påtrykk frå andre grupper, endra mål og funksjon frå å kjempe for klasseinteressene sine til etter kvart å hevde allmenne, universelle krav, noko som skjedde med Johan Sverdrup og danninga av Venstre. Kampen til arbeidarrørsla måtte etter Kohts meining sjåast i same perspektiv. Han så for seg den norske historiske utviklinga slik at først bøndene og deretter arbeidarane gjennom kamp vann fram til samfunnsmakt. Slik vart den norske nasjonen rikare og meir demokratisk. Her skilde han seg frå ein del andre representantar for den marxistiske materialismen (dialektisk materialisme). Medan mange i arbeidarrørsla meinte at det var ein djup motsetnad mellom klassekamp og nasjonal strid, var det for Koht to sider av same sak, og dette synet tok han med seg inn i politikken.

Koht formulerte teorien nærmast som ein generell teori, noko som dei sentrale avslutningsorda i avhandlinga Bonde mot borgar i nynorsk historie viser: «Kvar gong nye klassar slo seg fram i samfunnsarbeidet, blei heile nasjonen vidare og rikare.» Det universelle trekket til teorien prøvde han å underbyggje ved å gjere det gjeldande òg for amerikansk historie, som i Den amerikanske nasjon i upphav og reising.

Utviklinga av eit materialistisk historiesyn skjedde parallelt. Opphaldet i USA gav avgjerande impulsar, men først med foredraget Prisar og politikk i norsk historie (1912) hadde Koht komme fram til eit avklart syn. Medan han rundt 1905 hadde konsentrert seg om dei politiske og kulturelle faktorars rolle i historia, såg han no på økonomien og klassekampen som grunnleggjande; «kampen for føda» var ei grunnleggjande drivkraft i samfunnsutviklinga, sa han på denne tida. Likevel hadde han ambisjonar om å knyte saman materialisme og idealisme, noko som spegla seg av i hans interesse for psykologi og for enkeltmennesket.

Biografiar

I den samanhengen må han reknast som ein av dei store biografane til 1900-talet: Til 1. utgåve av Norsk biografisk leksikon bidrog han med over 400 artiklar, ved sida av større arbeid som den store biografien om Johan Sverdrup (1918–1925) og tobindsbiografien Henrik Ibsen, Eit diktarliv (1928–1929).

Mellomalder og sagalitteratur

Koht var den første som konsekvent nytta moderne kjeldekritikk på sagalitteraturen. Her bidrog han til ei grunnleggjande nyorientering med foredraget Sagaernes opfatning av vor gamle historie (1914). Koht hevda at Snorres Heimskringla i stor grad var prega av samfunnskonfliktane på 1200-talet. Fokus blei skifta frå å sjå på Snorres eigen rapport om forholda i sagatida til å sjå på Snorres sagaer som ei kjelde til hans eiga tid, 1200-talet.

Kohts arbeid betydde eit brot med tidlegare oppfatningar av norsk historie og opna for eit nytt syn på maktforholda i hundreåra før og etter den norske rikssamlinga. Koht såg norsk mellomalderhistorie som ein parallell vekst av kongens, herredømmet til aristokratiet og kyrkja på bekostning av det gamle ættesamfunnet. I staden for å operere med eit motsetningsforhold mellom konge og adel, slik historikarar hadde gjort før, la Koht vekt på at kongemakt og adelsmakt hadde felles interesser i ei fastare politisk riksorganisering.

Arbeidene om norsk mellomalderhistorie gav Koht ut i 1921 under tittelen Innhogg og utsyn i norsk historie.

1814

Koht gjorde seg òg gjeldande på andre felt, særleg innanfor 1814-forskinga. Her tok han opp arva frå Ernst Sars, som hadde sett 1814 som eit resultat av ei indre nasjonal vekst og verkeleggjeringa av dei demokratiske ideala til opplysingstida i Noreg. Koht framheva 1814 som eit resultat òg av ein klassekamp mellom ein overklasse og ein underklasse.

Koht finn heile tida spenningar av same art, sosiale folkereisingar som også får nasjonale mål fordi dei er retta mot eit framand herredømme. Det same motivet påviser han i tysk og i amerikansk historie (Genesis of American Independence, 1910). Dette synet gjorde Koht til målmann; han står som ein sentral figur i nynorsk kulturreising.

Seinare verk

Etter andre verdskrigen forfatta han fleire forsvarsskrifter for dei politiske handlingane sine før krigen og sjølvbiografiske bøker.

Seinare skreiv han serien Kriseår i norsk historie (6 bind 1950–1959). Med utgangspunkt i sentrale historiske aktørar tok han for seg avgjerande år i norsk historie frå Harald Hårfagres rikssamling fram til innføringa av eineveldet i 1660.

Verv og roller

I 1910 vart Koht utnemnd til professor i historie, ei stilling han hadde til 1935. I åra 1915–1917 var han dessutan dekanus ved Det historisk-filosofiske fakultetet. I åra som følgde, var han ei drivande kraft innanfor dei historiske organisasjonane, både nasjonalt og internasjonalt. I åra 1912–1927 og 1932–1936 var han formann i Den norske historiske foreining og frå 1928 til 1940 formann i Norsk Slektshistorisk Foreining. I 1926 var han med på å stifte Comité International des Sciences Historiques, den internasjonale historikarorganisasjonen, og han var president der fram til 1933.

Halvdan Koht var medlem av Videnskabsselskabet i Kristiania (no Det Norske Videnskaps-Akademi) frå 1908 og vekselvis preses og visepreses der i åra 1923–1939. Han var æresdoktor ved fleire utanlandske universitet, som Oxford, Chicago og Warszawa, medlem av ei rekkje utanlandske vitskapsselskap og riddar av den franske Æreslegionen. I 1952 fekk han Gunnerusmedaljen frå Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Koht spelte ei framståande rolle i internasjonal forsking og forskingsorganisasjon. Staten brukte han som forhandlar med Danmark i Grønlands- og arkivsaka.

Språkpolitikar

Koht arbeidde for at Arbeidarpartiet skulle ta opp målsaka. Målet var ei samling av dei to skriftspråka på folkeleg grunnlag. Denne linja – samnorsk – fekk han gjennomslag for i Arbeidarpartiet. Foto frå 1938. Frå Norsk biografisk leksikon.

Halvdan Koht
Av /Gyldendal Norsk Forlag.

Koht melde seg 1911 inn i Arbeidarpartiet, og han blei ein leiande lokalpolitikar i kommunestyret i Bærum i åra 1917–1919 og 1929–1937. Sentralt arbeidde han for at Arbeidarpartiet skulle ta opp målsaka. I Arbeidarreising og målspørsmål (1921), skrive på oppmoding frå Arbeidarpartiet, gjorde greie for Koht for den kulturpolitiske draumen sin, samlinga av dei to skriftspråka på folkeleg grunnlag, som også innebar ein djupare nasjonal solidaritet og integrasjon. Denne linja – samnorsk – fekk han gjennomslag for i Arbeidarpartiet. I den samanhengen skreiv han at «sosialisme er den høgste form for nasjonaltanke». Koht følgde dermed opp tanken om ein «nasjonal samvokster» av bønder og arbeidarar også på det språklege området.

Frå 1921 til 1925 var han leiar i Noregs Mållag. I 1936 fekk han Arbeidarpartiet til å programfeste språkreform bygd på folkemålet, og to år etter var han med på å føre den nye rettskrivingsnorma og det radikale samnorskprosjektet i hamn. Språkreforma i 1938, der Koht stod sentralt, var det mest konkrete uttrykket for språksynet til Koht. Reforma opna for ei rekkje nye former og la til rette for ei tilnærming mellom bokmål og nynorsk. Men den nye rettskrivinga møtte motstand både i delar av målrørsla og frå riksmålshald, og samnorsken vart berre utvikla eit stykke på veg, først og fremst som språket til byråkratiet. Etter andre verdskrigen vart samnorskpolitikken gradvis lagd til side.

Utanriksminister (1935–1941)

Regjeringa Johan Nygaardsvold, 1935. Utanriksminister Halvdan Koht er nummer tre fra venstre, til høgre for han står statsminister Nygaardsvold.

I 1935 vart Koht utnemnd til utanriksminister i Johan Nygaardsvolds regjering. Kohts handtering av utanrikspolitikken i samband med andre verdskrigen og den tyske okkupasjonen av Noreg vart sterkt kritisert etter 1945 – han vart i stor grad gjort til syndebukk for at Noreg vart overfalt av tyskarane 9. april. Nyare forsking har moderert dette biletet.

Nøytralitetspolitikken

Noregs utanriksminister Halvdan Koht (til venstre) talar i radio frå Washington D.C. i 1937. Kohts utanrikspolitikk var først og fremst ein streng nøytralitetspolitikk.