ISO 3166 er ein internasjonal standard som definerer kodar for statar, dei oversjøiske omrüde deira og underinndeling av land.
Faktaboks
- OgsĂĽ kjend som
-
nynorsk Kodar for land og underinndelingane deira, bokmĂĽl Koder for land og underinndelingene deres, engelsk Codes for the representation of names of countries and their subdivisions
Kodane i standarden er svÌrt utbreidde, og blir brukte til mange ulike føremül. Dei nasjonale toppnivüdomena pü internett er for eksempel baserte pü standarden, for eksempel .no for Noreg, .se for Sverige, .jp for Japan og .pf for Fransk Polynesia. ISO 3166-kodane er òg svÌrt utbreidde i statistikk og datautveksling.
Den fyrste utgĂĽva av ISO 3166 (med alfabetiske landkodar) vart gjeve ut i 1974; i 1981 kom det numeriske landkodar; mellom 1997 og 1999 kom kodane for underinndelingar av land og tidlegare land.
ISO 3166 blir forvalta av ISO 3166 Maintenance Agency i Genève. Kodane blir fastsette av ein komitÊ med medlemer frü standardiseringsorganisasjonane i Frankrike, USA, Storbritannia, Tyskland, Japan, Australia, Kenya, Kina og Sverige; i tillegg til Det internasjonale atomenergibyrüet IAEA, Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart ICAO, Den internasjonale teleunionen ITU, Internettselskapet for tildelte namn og nummer ICANN, Den internasjonale postunionen UPU og FNs økonomiske kommisjon for Europa UNECE.
Kommentarar (2)
skreiv Daniel Tobias Johansen Langhoff
Ein del av desse parentetiske del av-forklaringane i tabellen stemmer statsrettsleg sett ikkje. Til dømes er ikkje dei britiske kroneiga Guernsey, Jersey og Man rekna som delar av Storbritannia.
svarte Erik Bolstad
Vi brukte "del av" for ĂĽ spare plass i tabellen. Eg har fjerna det no. Eg er samd i at det ikkje er fullt ut presist ĂĽ skrive "Man (Storbritannia)", men eg tykkjer det er godt nok â den statsrettslege forma er grundig omtalt i artikkelen.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar nür dei kan. Det kan ta tid før du für svar.
Du mĂĽ vere logga inn for ĂĽ kommentere.