Bakgrunnen for eposet er kringsetjinga og hÊrtakinga av Troja, etter at den trojanske prinsen Paris hadde bortfÞrt den vakre Helena. Odyssevs var hjernen bak den trojanske hesten, det utspekulerte knepet som fÞrte til gresk siger etter ti Är med krig.
NÄr Odysseen startar, har Odyssevs vore pÄ reise i ti Är, etter Ä ha vore i krig i ti Är. Han har altsÄ vore bortreist frÄ hoffet sitt pÄ Þya Ithaka i tjue Är. Etter mange farefulle opplevingar har han mista mannskapet sitt og blir halden som kjÊrleiksfange av nymfa Kalypso pÄ Þya Ogygia.
Starten av eposet, den sÄkalla telemakhien, skildrar livet ved hoffet pÄ Ithaka. Penelope, kona til Odyssevs, blir plaga av ei rekkje friarar som insisterer pÄ at Odyssevs mÄ vere dÞd, og at ho bÞr gifte seg med ein av dei. Ho har lova Ä velje ein av dei til ektemake nÄr ho blir ferdig med ein vevnad. For Ä vinne tid rekkjer ho kvar natt opp det ho har vove dagen fÞr. Sonen Telemakhos reiser ut for Ä finne ut kva som har skjedd med faren.
Deretter vender forteljinga blikket mot Odyssevs, som blir lauslaten av Kalypso etter ordre frÄ dei olympiske gudane. Han lid skipbrot og blir skylt i land pÄ Þya Skheria, der han blir teken imot av den faiakiske prinsessa Nausikaa. Ved hoffet fortel Odyssevs om dei ti Ära han har vore pÄ heimferd. Gjennom tilbakeblikk fÄr lesaren dimed hÞyre historiene om gudinna Kirke, nedstiginga til dÞdsriket, dei brutale kyklopane og laistrygonane, dei farlege og forfÞrariske sirenene og ikkje minst havmonstera Skylla og Kharybdis.
Med hjelp frÄ faiakarane legg Odyssevs ut pÄ siste del av heimferda. Han gÄr i land pÄ Ithaka, der gudinna Athene hjelper han Ä kle seg ut som ein gamal og rynkete tiggar. Slik kjem han heim utan Ä bli gjenkjent av andre enn svinegjetaren Evmaios, sonen Telemakhos og amma Evrykleia, som held identiteten hans hemmeleg.
Penelope utfordrar friarane til ei tevling: Den som greier Ă„ spenne Odyssevsâ boge, skal fĂ„ henne til kone. Den einaste som greier kraftprĂžva, er den forkledde Odyssevs, som ogsĂ„ gjer meisterstykket Ă„ skyte pila gjennom 12 Ăžksehovud. I eit blodig oppgjer tek han sĂ„ livet av dei 108 friarane som har herja i huset medan han var borte. Etter ein konfrontasjon med dei etterlatne sluttar Odyssevs til sist fred med folket pĂ„ Ithaka.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktÞr svarar nÄr dei kan. Det kan ta tid fÞr du fÄr svar.
Du mÄ vere logga inn for Ä kommentere.