Hardanger og Voss museum vart grunnlagt i 2006 som ei samanslutning av fleire etablerte museum, og fungerer som regionmuseum for hardangerkommunane Eidfjord, Kvam, Ullensvang, Ulvik og Voss.
Museet arbeider med bevaring, innsamling, dokumentasjon, forsking og formidling av kulturuttrykk frå både fortida og samtida. Administrasjonen er plassert i Hardanger folkemuseum på Utne i Ullensvang kommune.
Samlingane til museet omfattar over 50 000 gjenstandar, rundt 140 kulturhistoriske bygg og fartøy, og dessutan ei stor fotosamling. Samlingane inkludere mellom anna hardangerbunader, folkedrakter, tradisjonell båtbyggjarkunst, bygningar frå mellomalderen og eit stort utval av gjenstandar knytt til landbruk, handverk og daglegliv. Mange av desse gjenstandane er tilgjengelege i DigitaltMuseum.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.