mandag 4. mars 2013

DÄp..

 
Kjekt Ä printe ut litt nye bilder Ä pynte med! Var litt fargelaust, sÄ dÄ bretta eg er vifte i papir. Turkis, sÄ klart! Ein lampeskjerm vart surra med svart trÄd for anledninga, og plassert pÄ ein lekker loppelampefot.

DÄpsbarnet skein om kapp med sola. SkjÞnne lillebror! MÄtte sjÞlvsagt prÞve meg pÄ pom-poms nÄr anledninga var der.

Det eine bordet, fĂžr alle stolane vart sett inntil.

..for Tobias! Sola skein og vi hadde ein nydeleg dag pÄ alle mÄtar. Vi hadde ei fin stund i kyrkja. Koseleg Ä pynte huset og feire ilag med flott familie. Vi bestilte deilig thaimat og det var sÄ mange som tilbydde seg Ä lage kaker, at eg ikkje laga ei einaste ei. Snakk om luksus!

Dagen derpÄ var det restefest med fleire vennefamiliar. Kjempekoseleg det ogsÄ. Eg er veeldig glad i Ä lage til og ha besÞk merkar eg. Ekstra kjekt er det nÄr det verkeleg er noko som skal feirast og eg kan slÄ litt pÄ stortromma med mat, pynt, blomster osv. Kjenner at eg seier JA til meir fest, ogsÄ i kvardagen!

fredag 18. januar 2013

Lekkert print og glad kopp..

Printet There`s no time like the present minner meg pÄ Ä nyte Þyeblikket. SjÄ HER om du er interessert i denne pÄminninga sjÞlv.

Eg har skapet fullt av koppar og har ganske strengt koppekjÞpeforbud. Kva er vel dÄ meir fantastisk enn at mi snille sÞster sÞrger for at eg likevel fÄr denne draumen av ein glad Mari Mekko- kopp i hus?! Det er ikkje alle i familien som ser poenget med at koppen ein drikk av skal vere sÄ veldig fin (eller glad!).. MEN nÄr koppen er glad, blir kaffien glad og for ikkje snakke om den som drikk kaffien; den blir kjempeglad. Og kven vil ikkje at den heimeverandre, babybyssande fruen i huset skal vere glad? Der har vi argumentasjonen for glade koppar i boks gitt.

torsdag 17. januar 2013

There is no time like the present..

Tida gÄr sÄ fort! Lille skatten har blitt 2 1/2 mnd og eg gjer mitt ytterste for Ä prÞve Ä leve i Þyeblikket og nyyyte lille go`ingen til det fulle. Det er ikkje alltid like lett Ä leve i Þyeblikket synest eg. Eg ser pÄ alt eg skulle ha gjort, planlegg kva som skal skje framover og sÄ flyg dagane! MEN no Þver eg meg pÄ Ä nyte. Nyte den varme lille kroppen som ikkje fÄr nok av Ä ligge inntil mamma`n sin, smÄ fingrar som ikkje vil sleppe fingeren min, den fantastisk mjuke huda, nydelege smil som gjer at eg kjenner det langt nede i magen. Alt dette og mykje meir skal nytast, her og no.

Kom over ein fantastisk blog Gi det videre, der ei supergenerÞs dame deler av det ho lagar og tipsar om andre som gjer det. Fann eit print der som blei ein perfekt pÄminner for meg: "There`s no time like the present". Det er innramma og kome opp i stua. Bilde kjem!

tirsdag 4. desember 2012

Adventskos...


Vi pynter til advent, tenner lys, fyrer i ovnen, baker pepperkaker, gomler pepperkaker, drikk mengder med te og kaffi, klipper, limer, bysser og koser. Adventskos med tid til det vi eigentleg vil ha tid til, DET er fint det!

fredag 30. november 2012

Monstertruckbanekake...


 ..blei det til 3- Ă„ringen sin bursdag! MĂ„tte berre fĂ„ lagt ut denne anbefalinga pĂ„ ei knakande god sjokoladekakeoppskrift. Fann oppskrifta hos Glede som igjen hadde funne den pĂ„ Cathrines matblogg. Kan love at denne oppskrifta blir ein suksess og kaka at held seg saftig og god lenge i kjĂžleskap. Den gjekk fint an Ă„ fryse og sĂ„ ta opp igjen, nĂ„r den skulle brukast. Eg har rett og slett fĂ„tt meg ein ny favoritt nĂ„r det gjeld langpannesjokoladekake!

3-Äringen var med og pynta og tok pÄ seg ansvaret for Ä vaske/bade alle monstertruckane lenge og vel fÞr dei skulle pÄ kaka, samt kjÞre dei nokre rundar i "gjÞrma", fÞr han plasserte dei pÄ bana. Lettvint og artig Ä lage, og ikkje minst kjempepopulÊr for bursdagsguten. IdÚen til kaka er frÄ Freia sine sider.

I Är mÄtte eg nemleg gÄ for ei kake eg kunne bake og fryse ned, for sÄ Ä ta opp igjen nÄr vi bestemte oss for Ä feire 3 Ärsdagen. Det mÄtte heller ikkje kreve sÄ mykje av meg nÄr den skulle pyntast.

Terminen til lillebror var 12 dagar fÞr 3- Ärsdagen, men sidan han likte seg sÄ godt der inne blei det liksom aldri fÞdsel og dagane nÊrma seg storebror sin dag. To dagar fÞr bursdagen, fann vi ut at vi like godt kunne bruke ventetida pÄ noko fornuftig og kalte saman to kjekke vennefamiliar og feira. Storebror fekk vite to timar fÞr gjestane kom, at vi skulle feire bursdagen hans, slik at ikkje skuffelsen skulle bli for stor om riene sette inn og vi mÄtte avlyse. DÄ heiv vi oss rundt ( i den grad det er mulig gigantisk- kval- stor og pÄ 10. dag over termin), pynta monstertruckbanekake, blÄste opp ballongar osv. Var skikkeleg godt for ho mor Ä fÄ feire gullgutten skikkeleg!

Er SÅ glad vi gjorde det, for fĂždselen blei sett i gang pĂ„ storebror sin bursdag to dagar seinare og fĂždt tidleg pĂ„ morgonen dagen derpĂ„. SĂ„ blei det i alle fall kvar sin dag og alt endte godt:-)

onsdag 21. november 2012

Lillebror...

For tre veker sidan kom nydelege lillebror Tobias til oss. Blir lite tid framfor pc-en, men desto meir kos med bÄde den store og den lille no for tida. Tobias har pÄ seg kvit bukse med treknappar, som flinke bestemor har strikka. Ho har ogsÄ strikka det mjukaste grÄ teppet til han. Heldige meg kunne berre velge farge og mÞnster og sÄ kom bÄde hentesett og teppe ferdig i posten.

Ser det er mykje juleinspirasjon Ä hente ute pÄ bloggane for tida. Gler meg til Ä begynne Ä pusle litt med slikt innimellom babykos om dagane.

Fin onsdag til deg som kikker innom!