27 august 2012
26 august 2012
12 august 2012
Pyntesokker
Eg har gjort ferdig Pyntesokkane som eg begynte pÄ i vÄr.
Hadde berre ein halv sokk igjen Ă„ strikke.
Det blei sikkert ein stopp pÄ grunn av at
Rauma 3-trÄds er litt tungt for meg Ä strikke med,
sÊrleg pÄ fem pinnar.
Fann mÞnster pÄ desse i LevLandlig
Seinare sÄg eg at eg har mÞnster pÄ dei
ogsÄ i eit Raumagarn hefte.
Har ikkje strikka stjernemÞnster pÄ hÊlane,
sjĂžlv om det var prikken over i'en.
Og sÄ har eg hekla eit par sekskanta gryteklutar.
MĂžnster i Tove Fevang si siste bok.
Dei er hekla med dobbel Mandarin Petit.
05 august 2012
Strikka gryteklutar
Denne veka har eg blant anna strikka ein gryteklut.
Det er fĂžrste gong eg har prĂžvd dominostrikk, ganske kjekt!
Men Mandarin Petit og pinne nr. 2, 5 blei litt treigt for meg
(som er vant til Ä hekle, noko som gÄr mykje fortare....),
sÄ eg fann fort ut at denne grytekluten kom til Ä forbli singel.
Men den blei i alle fall tjukk og god, sidan den er dobbel.
Bakstykket er ei stor dominorute.
MĂžnster til dominogrytekluten fann eg i den nye boka til
Grete Gulliksen Moe og Ingrid Skaansar, BLĂ
TT.
Medan eg strikka pÄ dominogrytekluten,
kom eg pÄ at eg hadde ein annan gryteklut frÄ i fjor
liggande nesten ferdig pÄ loftet.
Etter Ă„ ha leita meg igjennom 6-7 kasser med
garn og uferdige prosjekt, fann eg den jammen.
Det var berre Ă„ felle av, sy saman oppe og nede
(den er strikka rundt pÄ rundpinne slik at den er dobbel)
og hekle ein picotkant rundt.
Denne er singel ogsÄ, sÄ no kan dei vere eit par............
I dag har vi hatt ein fin sommardag,
men badetemperaturen lar vente pÄ seg.
Desse to bildene er frÄ Þya Cheung Chau, Hong Kong.
Vi hadde stopover to netter i Hong Kong pÄ veg til Australia.
Ein kollega av meg som har budd eit Är i byen,
anbefalte oss Ă„ ta ferje til denne Ăžya viss vi ville bade og slappe av.
Minstemann fekk bade og kose seg saman
med dei innfÞdde pÄ den fine sandstranda.
Temperaturen i lufta var ca. 28 grader, sÄ det var heilt perfekt.
Godt Ä kome seg litt vekk frÄ folkemengda inne i byen.....
01 august 2012
Juliproduksjon
Her er juliproduksjonen min i Är.
PĂ„ Rocks sunday market i Sydney,
kjĂžpte eg eit hespe med handfarga alpakkagarn.
Garnet lÄg i ein papirpose med forslag til mÞnster.
Det var raskt Ä strikke pÄ pinne nr. 9. Berre rette masker.
Veldig mjukt og godt!
SĂ„ hekla eg dette sjalet av Milk & Honey.
MĂžnster: Muffins halstĂžrkle.
Har hekla mange slike, men denne gongen
hekla eg ein pikot-kant rundt i ein kontrastfarge.
Har ogsÄ begynt pÄ ein duk som eg fann mÞnster pÄ
i boka LĂžkker & masker- 100 norske hekleoppskrifter.
Abonner pÄ:
Innlegg (Atom)


