Patrick Berg
| Patrick Berg | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 24. november 1997 (28 år) Bodø |
| Idrett | fotball |
| Tok del i | VM i fotball 2026 |
Patrick Berg (fødd 24. november 1997) er ein norsk fotballspelar frå Bodø som er firfaldig seriemeister med Bodø/Glimt i tida 2020-24. Ørjan Berg er far hans og Harald Berg bestefaren.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Patrick Berg debuterte for Bodø/Glimt i 2014. I sesongen 2016 etablerte han seg i fyrste-ellevaren. Han har i fleire sesongar vore kaptein på Bodø/Glimt, ein fotballklubb som vann sitt fyrste seriegull i 2020. Sidan har han vore ein sentral spelar i laget som også vart norsk seriemeister i 2021, 2023 og 2024. Våren 2025 tok Bodø/Glimt seg til semifinale i europaligaen, med Berg i fremste rekke. Vinteren 2026 slo Berg og lagkameratane FC Inter ut i meisterligaen, før det vart tap mot Sporting CP i oktofinalane.
Frå januar til august 2022 gjorde Berg teneste i franske RC Lens.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Berg fekk sin debut på landslaget som innbytar den 24. mars 2021 i bortekamp mot Gibraltar. Han deltok i sju av dei åtte kvalifiseringskampane til Fotball-VM 2026. Oftast har han anten spelt frå start, eller han har vorte bytta inn i andre omgang. Einast i seks landskampar har han spelt samtlege 90 minutt. Per 1. april 2026 var han bokført med 41 landskampar og ingen mål.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- eu-football
- Denne artikkelen bygger på «Patrick Berg» frå Wikipedia på tysk, den 5. april 2026.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |