Polmak
| Polmak | |||
| stad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Finnmark | ||
| Kommune | Tana | ||
| Postnummer | 9845 TANA | ||
| Preposisjon | i Polmak | ||
| Ferdselsårer | 895 | ||
![]() Polmak 70°04′11″N 28°00′40″E / 70.069722222222°N 28.011111111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Polmak | |||
Polmak (nordsamisk Buolbmát, finsk Pulmanki) er ei bygd og eit kyrkjesokn i Tana kommune i Finnmark fylke. Polmak var også ein sjølvstendig kommune frå 1903 til 1964, sjå Polmak kommune.
Bygda
[endre | endre wikiteksten]Bygda Polmak ligg på sørsida av Tanaelva, kring ein kilometer austom riksgrensa mot Finland. Tana museum[1], Polmak tollstad[2] og Polmak kyrkje ligg her.
Riksveg 895 går gjennom bygda, og om vinteren går det isveg over Tanaelva frå Europaveg 75/Europaveg 6 på nordsida til Polmak.
Kyrkjesoknet
[endre | endre wikiteksten]
Polmak er eit kyrkjesokn i Indre Finnmark prosti i Den norske kyrkja[3] Soknet femner den sørlege delen av Tana kommune, medan den nordlege delen av kommunen tilsvarar Tana sokn.
Det er to kyrkjer i soknet, Polmak kyrkje frå 1853 i bygda Polmak, og Levajok fjellkyrkje frå 1973. I tillegg ligg Sirbmá kapell frå 1954 i Sirma.
Stadnamnet
[endre | endre wikiteksten]Det norske namnet Polmak er ei forvrenging av det nordsamiske namnet Buolbmát. Det samiske namnet er ikkje tolka.[4]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Om Tana museum på nettstaden til Tana kommune».
{{cite web}}: Den ukjende parameteren|kommentar=vart ignorert (hjelp) Vitja 28. juni 2009 - ↑ «Om Polmak tollstad på nettstaden til Det norske tollvesenet».
{{cite web}}: Den ukjende parameteren|kommentar=vart ignorert (hjelp) Vitja 28. juni 2009 - ↑ «Om Polmak sokn på nettstaden til Den norske kyrkja».
{{cite web}}: Den ukjende parameteren|kommentar=vart ignorert (hjelp) Vitja 28. juni 2009 - ↑ Frette, Thor (1997). «Polmak». I Jørn Sandnes og Ola Stemshaug (red.). Norsk stadnamnleksikon (4. utgåva, 2. opplaget utg.). Oslo: Det norske Samlaget. s. 351. ISBN 82-521-4905-7.
