The Miracle av Queen
| The Miracle Studioalbum av Queen | ||
| SprÄk | engelsk | |
| Utgjeve | 22. mai 1989 | |
| Innspelt | Januar 1988 â januar 1989 i Olympic Studios og Townhouse Studios i London i England og Mountain Studios i Montreux i Sveits | |
| Sjanger | ||
| Lengd | 41:22 | |
| Selskap | Parlophone (UK) Capitol / Hollywood (US) | |
| Produsent | Queen, David Richards | |
| Queen-kronologi | ||
|---|---|---|
| A Kind of Magic (1986) |
The Miracle | Innuendo (1991) |
| Singlar frÄ The Miracle | ||
|
||
The Miracle er det 13. studioalbumet til det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i 1989. Albumet vart spelt inn medan bandet kom seg etter ekteskapsproblema til Brian May og Freddie Mercury sin AIDS-diagnose i 1987 (som var kjend for bandet, men ikkje publisert pÄ den tida). Innspelinga byrja i januar 1988 og varte eitt Är.
Albumet skulle opphavleg heite The Invisible Men, men tre veker fĂžr utgjevinga valde dei i fĂžlgje Roger Taylor Ă„ endre namnet til The Miracle. Det er ĂČg det siste albumet med eit bandfoto av alle dei fire originale medlemmane pĂ„ omslaget.
Albumet gjekk til topps pÄ salslistene i Storbritannia, Austerrike, Tyskland, Nederland og Sveits, og nÄdde 24. plassen pÄ den amerikanske Billboard 200-lista. The Miracle er estimert til Ä ha seld fem millionar eksemplar, og indikerer at trass lÄgare sal i USA, selde albumet godt verda over, sjÞlv om dei ikkje turnerte. Allmusic kalla The Miracle det beste Queen-albumet frÄ 1980-Ära i lag med The Game.[1]
Det vart det neste siste albumet bandet spelte inn medan Freddie Mercury levde. Han dÞydde i november 1991, mindre enn eit Är etter det neste albumet, Innuendo, kom ut.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er tilskrivne Queen. Under er dei som faktisk skreiv songane.
| Nr. | Tittel | LÄtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Party» | John Deacon, Brian May, Freddie Mercury | 2:24 |
| 2. | «Khashoggi's Ship» | Queen | 2:47 |
| 3. | «The Miracle» | Mercury, Deacon | 5:02 |
| 4. | «I Want It All» | May | 4:41 |
| 5. | «The Invisible Man» | Roger Taylor | 3:55 |
| Nr. | Tittel | LÄtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Breakthru» | Mercury, Taylor | 4:07 |
| 2. | «Rain Must Fall» | Deacon (musikk), Mercury (tekst) | 4:20 |
| 3. | «Scandal» | May | 4:42 |
| 4. | «My Baby Does Me» | Mercury, Deacon | 3:22 |
| 5. | «Was It All Worth It» | Mercury | 5:45 |
| Nr. | Tittel | LÄtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 11. | «Hang On in There» | Queen | 3:46 |
| 12. | «Chinese Torture» | May | 1:46 |
| 13. | «The Invisible Man» (12"-versjonen) | Taylor | 5:29 |
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 14. | «Scandal» (12" mix) | 6:34 |
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «I Want It All» (single version) |  |
| 2. | «The Invisible Man» (demo version with guide vocal, August 1988) |  |
| 3. | «Hang On in There» (B-side) |  |
| 4. | «Hijack My Heart» (B-side) |  |
| 5. | «Stealin'» (B-side) |  |
| 6. | «Chinese Torture» (instrumental) |  |
| 7. | «The Invisible Man» (12» version) |  |
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 8. | «I Want It All» (promovideo, 1989) |  |
| 9. | «The Making of «The Miracle» promo video» (1989) |  |
| 10. | «The Making of The Miracle album cover» (1989) |  |
Songar
[endre | endre wikiteksten]Party
[endre | endre wikiteksten]«Party» byrja som ein jamsession mellom Freddie Mercury, Brian May og John Deacon. Mercury sat ved pianoet og byrja med «we had a good night». Vidare arbeidde dei tre i lag og skreiv songen ferdig. May syng ein liten del av songen nÊr byrjinga.
Khashoggi's Ship
[endre | endre wikiteksten]«Khashoggi's Ship» vart starta av Mercury, medan alle fire medverka med tekst og musikk. Songen handlar om den kjende milliardÊren Adnan Khashoggi og eit skip («Nabila», no «Kingdom 5KR») som han eigde pÄ den tida og var ein av dei stÞrste private yachtane i verda. PÄ albumet glir denne songen rett over frÄ «Party», som har eit liknande teksttema.
The Miracle
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjÄ songen The Miracle.
«The Miracle» er ein av dei mest komplekse songane til bandet dei siste Ära av karrieren. Mercury og Deacon skreiv i lag akkordane til songen. Han er ein av favorittsongane til May. Heile bandet medverka med tekst og somme musikalske idear, og Mercury spelte piano i tillegg til mange synthspor, ved hjelp av ein Korg M1. Songen var den femte og siste singelen frÄ albumet, og kom ut 27. november 1987 i Storbritannia, der han nÄdde 21. plassen.
Videoen etterlikna videoen til «The Invisible Man» med Ä bruke etterlikningar av bandmedlemmane. Desse var unge Queen-etterlikningar (inkludert ein dÄ ukjend Ross McCall) som framfÞrte eit Queen-aktig sceneshow. Det verkelege bandet dukka berre opp i slutten av videoen der dei spelar saman med dei yngre etterlikningane.
I Want It All
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjÄ I Want It All av Queen.
«I Want It All» vart skriven av May i 1987. I kommentaren pÄ Greatest Video Hits II kommenterte May at songen var inspirert av favorittmottoet til den andre kona hans, Anita Dobson, «I want it all, and I want it now!» Ideen om Ä ha ein intro, vers, refreng og solo over same akkordprogressjon, vart nytta om att i ein annan May song, «The Show Must Go On», i 1990. Mercury song solovokal pÄ det meste av songen, men Mercury og May song i lag pÄ mellomspelet. Mercury speler klaverinstrument, May akustisk og elektrisk gitar og Roger Taylor nytta doble basstrommer for fÞrste (og einaste) gong.
«I Want It All» var den fÞrste singelen frÄ albumet, gjeve ut den 2. mai 1989. Han nÄdde tredjeplassen i Storbritannia, men gjekk til topps i fleire land i Europa. Songen vart ein anti-apartheidsong blant ungdom i SÞr-Afrika og har sidan blitt nytta som protestsong for andre saker. Songen vart den fÞrste Queen-hiten pÄ amerikansk radio sidan «Under Pressure» og nÄdde tredjeplassen pÄ Billboard's Mainstream Rock Singles-lista, men berre 50. plassen pÄ Billboard Hot 100 Chart.
The Invisible Man
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjÄ The Invisible Man av Queen.
«The Invisible Man» er den fÞrste songen av Taylor pÄ albumet. Tekstideen kom frÄ ei bok han leste, dÄ rytmen brÄtt kom til han. May og Taylor kommenterte at Taylor skreiv ein del av songen i badekaret. Namnet pÄ alle fire bandmedlemmane er «gÞymd» i vokale: «Freddie Mercury» (sagt av Roger Taylor) like fÞr det fÞrte verset byrjar, «John Deacon» etter det fÞrste verset, «Brian May» (to tonger) fÞr gitarsoloen hans og «Roger Taylor» (med ein rullande «r» av Mercury slik at det hÞyres ut som virvlande trommer) etter teksten «look at me, look at me». Taylor «svara» med ein trommevirvel. Demoversjonen har eit heilt anna mellomspel der Mercury syng ein annan tekst i Elvis Presley-stil. Dei kviskra partia av refrenget vert sungen av Taylor.
«The Invisible Man» kom ut pÄ singel i Storbritannia den 7. august. Singelen nÄdde 12. plassen i Storbritannia og vart ein hit i store delar av Europa. Videoen inneheld dataskapte kopiar av bandmedlemmane. Songen vart seinare spelt av Scatman John.
Breakthru
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjÄ Breakthru av Queen.
«Breakthru» er eit resulat av to songar: «A New Life Is Born» av Mercury og «Breakthru», skriven av Taylor med nokre bidra frÄ dei andre. Songen vart gjeven ut pÄ singel og nÄdde topp 10 i Storbritannia sommaren 1989.
«Breakthru» var den andre singelen frĂ„ albumet og kom ut i Storbritannia den 19. juni. Videoen var filma pĂ„ eit privat damplokomotiv, dĂ„ kalla «The Miracle Express». Debbie Leng, som var kjĂŠrasten til Roger Taylor pĂ„ den tida, var ĂČg med i videoen. Songen nĂ„dde sjuandeplassen pĂ„ den britiske singellista. Songen vart ĂČg gjeven ut pĂ„ singel i USA.
Rain Must Fall
[endre | endre wikiteksten]«Rain Must Fall» er eit samarbeid mellom Deacon (musikk) og Mercury (tekst) (som stadfesta av produsenten David Richards og i nyare tid av May pÄ nettsida hans). Taylor spelte mykje latinsk perkusjon, men det meste vart redigert bort for Ä fÄ meir rom for vokalharmoniar, gitar og klaverinstrument.
Scandal
[endre | endre wikiteksten]«Scandal» var skriven av May om den britiske pressa, som hadde skrive mykje om den nyaste skilsmissa hans, forholdet hans til Anita Dobson og at Mercury sjeldan var Ă„ sjĂ„ offentleg dĂ„ han var sjuk med AIDS. May spelte klaverinstrument og spelte gitarsoloen pĂ„ eitt forsĂžk. Solovokalen til Mercury vart ĂČg berre spelt inn ein gong. Synth-bassen vert spelt av David Richards. May har sidan kommenter at songen lĂ„g nĂŠr hjartet hans trass i at han gjekk gjennom ein vanskeleg fase av livet hans pĂ„ den tida.
«Scandal» var den fjerde singelen frÄ albumet. Han nÄdde 25. plassen i Storbritannia. Songen omhandlar korleis May fÞlte tabloidane behandla han og forholdet til Anita Dobson.
My Baby Does Me
[endre | endre wikiteksten]«My Baby Does Me» er eit anna samarbeid mellom Mercury og Deacon. Begge hadde ein ide om ein enklare song for albumet. I eit intervju pÄ Radio 1 i 1989, hevda bÄde Mercury og Deacon at dei hadde laga basslinja.
Was It All Worth It
[endre | endre wikiteksten]«Was It All Worth It» var skriven av Mercury. Songen minnar om den intrikate stilen til bandet frÄ 1970-Ära. SjÞlv om det meste av songen vart utforma av Mercury, bidrog alle medlemmane med idear og tekst (til dÞmes medverka Taylor med linja «we love you madly!»). Deacon sa seinare at dette var favorittsongen hans pÄ albumet. Taylor nyttar ein gong og pauke.
Hang On in There
[endre | endre wikiteksten]Songen vart skriven av alle fire medlemmane. May spelar bĂ„de akustisk og elektrisk gitar, i tillegg til klaverinstrument, ein jobb han delte med Mercury, som ĂČg spelar piano. Songen kom ut som B-sida til «I Want It All». I songen nĂ„r Mercury ein E5 tone to gonger.
Chinese Torture
[endre | endre wikiteksten]Dette er den einaste songen pĂ„ albumet som ikkje var Ă„ finne pĂ„ ein av singlane. Han er ein mĂžrk instrumental som skulle gjenskape frykta og skrekken som kinesisk vasstortur skapte hos offera. Sporet dukka fĂžrst opp pĂ„ dei siste konsertane til Queen i 1986, som ein del av ein gitarsolo av May. Han inkluderte ĂČg sporet pĂ„ soloar dĂ„ han turnerte med Queen + Paul Rodgers i 2005/06.
Plateomslag
[endre | endre wikiteksten]Det slÄande plateomslaget vart skapt av Quantel Paintbox, som dÄ var det nyaste biletmanipuleringsteknologien som fanst. Andleta av dei fire medlemmane vart smelta saman til eitt samanhengande bilete. Derek Riggs, mest kjend for Ä ha illustrert omslaga til Iron Maiden, hevda at Queen «stal» ideen for omslaget frÄ omslaget hans for singelen The Clairvoyant.[2] Rapportar om at Freddie Mercury var ein «headbanger», og stor fan av «det metal-greiene», kan ha gjeve denne pÄstanden eit viss truverd. SjÞlv om omslaget vart godt likt dÄ det kom ut, har det sidan blitt omtalt som eit av dei verste omslaga gjennom tidene.
Kritikarar
[endre | endre wikiteksten]| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| AllMusic | |
| Chicago Tribune | |
| Encyclopedia of Popular Music | |
| magasinet Q | |
| Rolling Stone | |
| The Rolling Stone Album Guide | |
Sun-Sentinel skreiv «Med Freddie Mercury i gammal, lett opera-aktig form, er dette eit album (som sÄ mange andre Queen-album) som bÞr brukast som lÊrebok i pop for unge aspirantar. Her kombinerer dei rock, pop, metal, smarte melodiar og listige stiliseringar og The Miracle skuffar ein aldri. FrÄ eitt spor til det neste er det, som vanleg, aldri mogeleg Ä sei kva veg bandet vil gÄ, og gjev sjÞlv dei mest trÞytte Þyra ei utfordring.»[8]
Newsday (Melville, NY) skreiv «PÄ The Miracle er rÞysta til Mercury stÞdig og solid. May sine lÞp er smarte og smidige som alltid. Dei fleste av dei ti songane er skrivne av alle dei fire medlemmane, og held seg stort sett til bandformelen med mini-suitar: skarp pop med tempo som endrar seg hallvegs inn i songen og somme herlege strofer.»[9]
Rolling Stone skreiv «Bandet har ikkje brukt sĂ„ mykje synthesizerar og trommemaskinar sidan Hot Space. The Miracle er eit utstillingsvindauge for Freddie Mercury og kjĂŠrleiken hans for feiande, opera-liknande vokal. Og Mercury har faktisk aldri hĂžyrt betre ut - sĂŠrleg pĂ„ tittelsporet. Ein av styrkane hans er evnen til Ă„ ta sjĂžlv dei mest smaklause melodiane og gjere dei til sine eigne, og den gĂ„va kjem til nytte pĂ„ The Miracle. Brian May er framleis i kampform ĂČg. NĂ„r ein kan hĂžyre May pĂ„ The Miracle er det stort sett avgrensa til kjappe, typisk briljante soloar her og der. Albumet manglar derfor ei dynamikkjensle som har prega dei fleste tidlege Queen albuma. Berre pĂ„ nokre fĂ„ songar («Khashoggi's Ship» og «Was It All Worth It») slepp May seg verkeleg laus, og nĂ„r han gjer det, hĂžyres det ut som gamle Queen i ein augneblink. I det minste tilbyr The Miracle smĂ„ klipp av den tidlegare majesteten til Queen.»[6]
Allmusic skreiv «The Miracle er ein ganske slagkraftig lydpakke, og minnar om dei rike lydane frÄ dei tidlegare klassikarane deira A Day at the Races frÄ 1976 etc.). Det er delt 50/50 mellom pop og tungrock, og var ein global hit. I lag med The Game, er The Miracle det sterkaste Queen-albumet i 1980-Ära.»[1]
Lister
[endre | endre wikiteksten]
Salslister[endre | endre wikiteksten]
|
Ă rslister[endre | endre wikiteksten]
|
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]| Region | Salstrofé | Salstal |
|---|---|---|
| Austerrike (IFPI Austerrike)[28] | Gull | 25Â 000x |
| Australia (ARIA)[29] | Gull | 35,000^ |
| Finland (Musiikkituottajat)[30] | Gull | 43,130 |
| Frankrike (SNEP)[31] | Gull | 163,000[32] |
| Tyskland (BVMI)[33] | Platina | 500Â 000^ |
| Nederland (NVPI)[34] | Platina | 100Â 000^ |
| Polen(ZPAV)[35] 2009 Agora SA album reissue |
Platina | 20Â 000* |
| Spania(PROMUSICAE)[36] | Platina | 100Â 000^ |
| Sveits(IFPI Switzerland)[37] | Platina | 50Â 000x |
| Storbritannia (BPI)[38] | Platina | 480,000[27] |
| USA (RIAA)[39] | Gull | 500,000^ |
|
*salstala er basert pÄ sertifiseringa aleine | ||
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Freddie Mercury: solo- og korvokal, piano, klaverinstrument, synthesiserar, programmering pÄ «Party»
- Brian May: elektrisk- og akustisk gitar, korvokal, solovokal pÄ «Party» og «I Want It All», klaverinstrument pÄ «Scandal» og «Was it All Worth It», programmering pÄ «I Want It All»
- Roger Taylor: trommer, elektroniske trommer pÄ «Rain Must Fall», korvokal, solovokal pÄ «The Invisible Man», elektrisk gitar pÄ «The Invisible Man», klaverinstrument pÄ «The Invisible Man» og «Breakthru», programmering pÄ «Party», «I Want It All» og «Breakthru»
- John Deacon: bassgitar, elektrisk gitar pÄ «Party», «The Invisible Man» og «Rain Must Fall», klaverinstrument pÄ «My Baby Does Me» og «Rain Must Fall»
- Andre medverkande
- David Richards - klaverinstrument pÄ «I Want It All», «The Invisible Man» og «Breakthru», sampler pÄ «Scandal», programmering pÄ «Rain Must Fall», «My Baby Does Me» og «Breakthru», lydteknikar
- Assisterande lydteknikarar - Andrew Bradfield, John Brough, Angelique Cooper, Claude Frider, Andy Mason, Justin Shirley-Smith
- Mastering av Kevin Metcalf og Gordon Vickary
- Dataprogrammering av Brian Zellis
- Plateomslag av Richard Gray
- Originalt fotografi av Simon Fowler
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger pÄ «The Mircale (Queen album)» frÄ Wikipedia pÄ engelsk, den 25. juli 2016.
- Wikipedia pÄ engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 3 Prato, Greg (6. juni 1989). «The Miracle â Queen». AllMusic. Henta 20. juli 2016.
- â «The Clairvoyant». Arkivert frĂ„ originalen 8. august 2011. Henta 25. juli 2016.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - â Kot, Greg (19. april 1992). «An 18-record, 80 Million-copy Odyssey». Chicago Tribune. Henta 20. mai 2016.
- â Larkin, Colin (2011). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2248. ISBN 0857125958.
- â magasinet Q 08/01/1994
- 1 2 Rolling Stone review, arkivert frÄ originalen 30. desember 2014, henta 25. juli 2016
{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - â DeCurtis, Anthony; Henke, James; George-Warren, Holly, red. (1992). The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Random House. s. 570. ISBN 0679737294.
- â «Queen Interviews â Queen â 06-09-1989 â The Miracle â Sun-Sentinel â Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. Henta 20. juli 2016.
- â «Queen Interviews â Queen â 06-25-1989 â The Miracle â Newsday (Melville, NY) â Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. 25. juni 1989. Henta 20. juli 2016.
- â Steffen Hung. «Queen â The Miracle». australian-charts.com. Henta 20. juli 2016.
- â Steffen Hung. «Queen â The Miracle». austriancharts.at. Henta 20. juli 2016.
- â «Results â RPM â Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 20. juli 2016.
- â Steffen Hung. «Queen â The Miracle». dutchcharts.nl. Henta 20. juli 2016.
- â «InfoDisc : Tous les Albums classĂ©s par Artiste». Infodisc.fr. Henta 20. juli 2016.
- â «charts.de». charts.de. Henta 20. juli 2016.
- 1 2 «Hit Parade Italia â Gli album piĂč venduti del 1989» (pĂ„ italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 3 Oktober 2011.
{{cite web}}: Check date values in:|accessdate=(hjelp) - â «â Yamachan Land (Archives of the Japanese record charts) â Albums Chart Daijiten â Queen» (pĂ„ japansk). 30. desember 2007. Henta 5. juli 2016.
{{cite web}}: CS1 maint: deprecated archival service (link) - â Steffen Hung. «Queen â The Miracle». charts.org.nz. Arkivert frĂ„ originalen 2. november 2012. Henta 20. juli 2016.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - â Steffen Hung. «Queen â The Miracle». norwegiancharts.com. Henta 20. juli 2016.
- â Steffen Hung. «Queen â The Miracle». swedishcharts.com. Henta 20. juli 2016.
- â Steffen Hung. «Queen â The Miracle». hitparade.ch. Henta 20. juli 2016.
- â http://www.officialcharts.com/artist/21275/queen/
- â «Queen Album & Song Chart History». Billboard. Henta 20. juli 2016.
- â «Austerrikencharts.st â Jahreshitparade 1989». Hung Medien. Henta 1. august 2010.
- â «RPM Top 100 Albums of 1989». RPM. Henta 3 Oktober 2011.
{{cite web}}: Check date values in:|accessdate=(hjelp) - â «Hitparade.ch â Schweizer Jahreshitparade 1989». Hung Medien. Henta 17 Oktober 2011.
{{cite web}}: Check date values in:|accessdate=(hjelp) - 1 2 «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frÄ originalen 2012-05-19. Henta 3 Oktober 2011.
{{cite web}}: Check date values in:|accessdate=(hjelp); Invalid|url-status=yes(hjelp) - â «Austrian album salstrofĂ© â Queen â The Miracle» (pĂ„ tysk). IFPI Austerrike. Enter Queen in the field Interpret. Enter The Miracle in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
- â «ARIA Charts â Accreditations â 1990 Albums». Australian Recording Industry Association.
{{cite web}}: Missing or empty|url=(hjelp) - â The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
- «Queen» (pĂ„ finsk). Musiikkituottajat â IFPI Finland.
- «Kultalevyjen myöntĂ€misrajat» (pĂ„ finsk). Musiikkituottajat â IFPI Finland.
- â «French album salstrofĂ© â Queen â The Miracle» (pĂ„ fransk). Syndicat National de l'Ădition Phonographique.
- â «Les Albums Or». infodisc.fr. SNEP. Henta 10. juni 2016.
- â «Gold-/Platin-Datenbank (Queen; 'The Miracle')» (pĂ„ tysk). Bundesverband Musikindustrie.
- â «Dutch album salstrofĂ© â Queen â The Miracle» (pĂ„ nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers.
- â «Polish album salstrofĂ© â Queen â The Miracle» (pĂ„ polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV).
- â «Solo Exitos 1959-2002 Ano A Ano: Certificados 1979-1990». Iberautor Promociones Culturales. ISBN 8480486392.
{{cite web}}: CS1 maint: periodical has ISBN (link) - â «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Queen; 'The Miracle')». Hung Medien.
- â «British album salstrofĂ© â Queen â The Miracle». British Phonographic Industry. Enter The Miracle in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- â «American album salstrofĂ© â Queen â The Miracle». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Den offisielle nettsida til Queen: Diskografi: The Miracle: med tekst til alle songane «The Miracle» og «I Want It All».
- Lyrics to B-sides «Stealin'» and «Hijack My Heart» at Queen official website (from The Singles Collection Volume 3)