Hopp til innhald

Tormod Haugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tormod Haugen

StatsborgarskapNoreg
Fødd12. mai 1945
Trysil kommune
Død

18. oktober 2008 (63 år)
Oslo

Yrkelingvist, skribent, omsetjar, barnebokforfattar
Sjangerbarnelitteratur
PrisarNordisk Skolebibliotekarforenings Børnebogspris, Gyldendals legat, Sarpsborgprisen, Skolebibliotekarforeningens litteraturpris, H.C. Andersen-prisen

Tormod Haugen (fødd 12. mai 1945 i Nybergsund, død 18. oktober 2008) var ein norsk forfattar og omsetjar, kjend for å skriva fantastisk barnelitteratur.

Tormod Haugen studerte tysk, kunsthistorie og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. Han debuterte som forfattar med barneboka Ikke som i fjor i 1973, sidan har han skrive ei lang rekkje barne- og ungdomsbøker av høg kvalitet.

Haugen vart tildelt fleire internasjonale litteraturprisar, mellom anna H.C. Andersen-prisen som han fekk i 1990. I 1984 vart han første forfattar til å verte nominert til Nordisk Råds litteraturpris for ei barnebok. Bøkene hans har vorte omsette til mange språk.

Som omsetjar har Haugen òg stått bak fleire kjende verk, mellom anna Narnia-serien av C. S. Lewis.

  • 1973 Ikke som i fjor
  • 1974 Til sommeren - kanskje
  • 1975 Nattfuglene
  • 1976 Zeppelin
  • 1977 Synnadrøm
  • 1979 Joakim
  • 1980 Slottet Det Hvite
  • 1983 Dagen som forsvant
  • 1984 Vinterstedet
  • 1986 Romanen om Merkel Hansen og Donna Winter og den store flukten
  • 1988 Farlig ferd
  • 1989 Skriket fra jungelen
  • 1991 Øglene kommer
  • 1992 Tsarens juveler
  • 1993 På sporet av frøken Detektiv
  • 1996 Georg og Gloria (og Edvard)
  • 1997 Hjerte og smerte (og Taj Mahal)
  • 1998 Hellou og guddbai (og høstens regn)
  • 1999 Luftvandreren
  • 2001 I lyset fra fullmånen
  • 2002 Prinsusse Klura og dragen
  • 2003 Prinsusse Klura og Pellus
  • 2005 Doris Day og tordnvær