1945
Utsjånad
| 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1945 (romartal MCMXLV) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]
- Den andre verdskrigen slutta i mai i Europa og i september i Asia.
Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 5. januar: Sovjetunionen godkjende det nye sovjetvenlege styret i Polen.
- 13. januar: Raoul Wallenberg vart arrestert av sovjetiske styrkar i Budapest.
- 17. januar: Sovjetiske styrkar okkuperte Warszawa.
- 30. januar: «Wilhelm Gustloff», eit tysk skip med 10 000 flyktningar frå Gdynia, vart senka av den sovjetiske ubåten S-13. 9 300 døydde.
- 2. februar: Jaltakonferansen.
- 13. februar: Dresden søraust i Tyskland vart utsett for brannbombing av allierte bombefly. Om lag 35 000 døydde under bombinga av Dresden.
- 19. februar: 35 000 amerikanske soldatar gjekk i land på Iwo Jima.
- 23. februar: Den filippinske hovudstaden Manila vart teken av amerikanske styrkar.
- 6. mars: Kommunistisk regjering installert i Romania.
- 7. mars: Brua over Rhinen ved Remagen vart teken av amerikanske styrkar.
- 8. mars: Josip Broz Tito skipa regjering i Jugoslavia.
- 30. mars: Sovjetunionen invaderte Austerrike og tok Wien.
- 12. april: Franklin D. Roosevelt, USA sin president, døydde. Etterfylgjaren var visepresidenten Harry S. Truman.
- 25. april: Amerikanske og sovjetiske troppar møttest i byen Torgau. Tyskland vart skore i to delar.
- 25. april: Berlin vart innringa av sovjetiske styrkar.
- 2. mai: Sovjetiske styrkar proklamerte at dei hadde teke Berlin.
- 3. mai: Wernher von Braun og 120 av medarbeidarane hans gav seg over til amerikanske styrkar.
- 7. mai: Alfred Jodl, den tysk generalstabsjefen, underteikna kapitulasjon utan vilkår.
- 8. mai: Krigen i Europa tok slutt.
- 9. mai: Amerikanske styrkar arresterte Hermann Göring.
- 26. juni: Vedtektene til dei sameinte nasjonane vart underteikna.
- 1. juli: Tyskland delt mellom dei fire okkupasjonsmaktene.
- 16. juli: Fyrste atombombeprøve.

- 17. juli: Potsdamkonferansen tok til.
- 26. juli: Winston Churchill gjekk av som statsminister i Storbritannia. Arbeidarpartiet (Labour) sigra i valet. Etterfylgjar vart Clement Attlee.
- 31. juli: Samlingsregjeringa som hadde styrt Sverige under den andre verdskrigen gjekk av. Per Albin Hansson skipa ei sosialdemokratisk regjering.
- 6. august: Hiroshima vart treft av den fyrste atombomba nytta i krig. 60 000 døydde med det same.
- 8. august: Nagasaki vart treft av den andre atombomba nytta i krig. 60-80 000 innbyggjarar døydde og om lag 20 000 vart skada.
- 15. august: Japan kapitulerte.
- 17. august: Indonesiske nasjonalistar erklærte sjølvstende frå Nederland. Achmad Sukarno vart president.
- 2. september: Japan sin offisielle kapitulasjon om bord på USS Missouri. General Douglas MacArthur og admiral Chester Nimitz representerte USA medan utanriksminister Mamoru Shigemitsu og Yoshihiro Umetsu representerte Japan.
- 8. september: Amerikanske styrkar okkuperte den sørlege delen av Korea, medan Sovjet okkuperte i nord. Koreakrigen hadde bakgrunn i desse okkupasjonane.
- 17. oktober: Oberst Juan Perón gjorde statskupp og vart president i Argentina.
- 13. november: Charles de Gaulle vart vald til president i Frankrike.
- 20. november: Nürnbergprosessen vart innleia.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 8. februar: Statspolitisjef Karl A. Marthinsen vart skoten av norske motstandsfolk.
- 9. februar: Den svarte fredagen, stort luftslag i Sogn og Fjordane fylke.
- 8. mai: Dei tyske styrkane i Noreg la ned våpna. 8. mai 1945 har sidan vorte feira som frigjeringsdagen.
- 9. mai: Vidkun Quisling vart arrestert.
- 6. juni: Kong Håkon VII kom attende til Oslo.
- 23. juni: Den norske dagsavisa Verdens Gang kom ut med sitt fyrste nummer.
- 25. juni: Kong Haakon VII utnemnde Samlingsregjeringa, Einar Gerhardsen si fyrste regjering.
- 30. juni: Johan Nygaardsvold si regjering kom til Noreg frå London.
- 8. oktober: Stortingsvalet 1945. Arbeidarpartiet fekk reint fleirtal på Stortinget.
- 1. november: Utnemninga av Einar Gerhardsen si andre regjering.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1945.


- 10. januar: Rod Stewart, britisk songar
- 20. januar: Bjørn Tore Godal, norsk politikar
- 28. januar: Hallgrim Berg, norsk politiker
- 6. februar: Bob Marley, jamaicansk musikar
- 11. mars: Sylfest Lomheim, norsk sråkforskar
- 30. mars: Eric Clapton, britisk musikar
- 14. april: Ritchie Blackmore, britisk musikar
- 26. april: Paal-Helge Haugen, norsk forfattar
- 29. april: Anne Marie Ottersen, norsk skodespelar
- 8. mai: Keith Jarrett, USA-amerikansk jazzpianist
- 12. mai: Tormod Haugen, norsk forfattar
- 19. mai: Pete Townshend, britisk musikar
- 28. mai: John Fogerty, USA-amerikansk musikar
- 31. mai: Laurent Gbagbo, ivoriansk president
- 7. juni: Wolfgang Schüssel, austerriksk kansler
- 19. juni: Aung San Suu Kyi, burmesisk politikar og nobelprisvinnar