torsdag 25. februar 2010

BruktkjĂžp


Eg har ein nostalgi-kjellar. SÄ lenge eg kan hugse har eg samla pÄ og tatt vare pÄ gamle ting. I kjellaren har vi eit heilt rom som er fyllt med dette. FrÄ ulike epokar, med ulik historie. Her kan ein nok bruke mange timar om ein skal oppdage alle ting... Ein del av det eg fÄr tak i havnar her, andre ting glir inn i interiÞret ellers i huset.

Ei blanding av mykje. Bruksgjenstandar, pynteting, bĂžker, mĂžblar, redskap osv osv




I sommar var eg pÄ brukthandel i ein lÄve som skulle rivast. Der fekk eg kjÞpe denne flotte, gamle kista. -Og eindÄ nokre fleire kister...



denne korga eller tine eller kva eg skal kalle det, er fyllt med handarbeidsutstyr. Ikkje alt har eg funne ut av kva er endÄ...



Desse flotte boksane fekk eg kjĂžpe hos ei som hadde opprydding i eit hus som skulle rivast.
Veldig fornĂžgd med dei!



PÄ lÄvehandelen min fekk eg ogsÄ kjÞpe fleire gamle tÞnner, dette er ei av dei. TÞnneproduksjon var ei sterk nÊring i DalsfjordomrÄde i "gamle dagar". Difor syns eg det er kjekt Ä ta vare pÄ desse. Dei skal nok etterkvart presenterast i ein litt anna "setting".



Eg er og veldig fornÞgd nÄr eg finn deler til dei gamle servica mine. Dette er eit av dei. Desse fann eg pÄ bruktbutikken i sommar.
Dette vart ein presentasjon av litt av bruktfunna mine. Kunne nok ha holdt pÄ nokre veker med det... men fÄr ta det att ;-)


mandag 22. februar 2010

Forandring fryder


For nokre dagar sidan var det pÄ tide med litt forandring i gangen. Ikkje alltid sÄ mykje som skal til. Berre Ä flytte noko frÄ ein plass til ein annan, sÄ er det sÄ godt som nytt alt ihop ;-).
Her i huset er det nesten alltid blomster Ä finne. Spesielt pÄ denne tida av Äret. NÄr alt er kvitt ute, fÄr vi la det blomstre litt inne. Denne gangen var det nokre rosalilla krysantemum som fekk Êra av Ä pryde ei stund. Eg mÄtte dÄ dra fram nokre telysholdarar i same farge, og pynten som eg vann hos Lykkeliten fÞr jul, passa perfekt. Den er Ä finne pÄ lyset pÄ veggen.



No har eg ein liten plan om at eg skal ta meg ei runde i huset og vurdere kva som er mine beste bruktfunn. Ei utfordring frÄ Nostaliga. Enn sÄ lenge fÄr den bilda frÄ gangen vere pÄ topp i bloggen min.

lĂžrdag 20. februar 2010

Skap med sjel

No er det kanskje ein del som veit at eg er veldig begeistra for gamle ting.
I huset er det difor mĂžblert med mykje gammalt. Gamle skap, skrivebord, skjenkar og andre saker og ting.
Tenkte eg skulle vise noko av dette her pÄ bloggen.


Dette er ein gammal spegelkommode. Den befinn seg pÄ soverommet. Utruleg at den kom opp hit igrunn. Vi hadde ca 1 cm Ä gÄ pÄ gjennom flaskehalsen i siste loftstrappa opp til 3. etasje. Den blir nok stÄande her ei stund...



I ein stova har vi ein gammal skjenk. PÄ eine sida har den spor av flytting, nemleg ein del striper og malingsflekkar. Den har nok vore flytta litt rundt i huset gjennom tidene. Opp og ned trapper, ut og inn dÞrer. Men no har den fÄtt fred her i stova i mange Är, berre vore flytta frÄ ein vegg til ein anna. Strippene pÄ sida ber jo preg av levd liv, sÄ det har sin sjarm. Vi fÄr vel litt striper bÄde her og der, nokon kvar, opp gjennom livet..


Dette skÄpet har og vore flytta rundt i tidlegare tider. Har vore matskap i ei leilighet i Bergen
blandt anna. Og ei stund trur eg bestemor mi hadde samla alle dei gamle skÄpa pÄ soverommet sitt (og det var ikkje sÊrleg stort). Ikkje forstÄr eg korleis ho fekk plass til dei. Men ho var ein klÞpper med mÄlbandet, og var svÊrt lÞysingsorientert, hehe



Dette har eg vist fĂžr. Eit flott skrivebord. Hadde opprinneleg bilder av
kong Olav i ei rute og fruen i den andre. Desse bilda har fÄtt seg ein pause, og ligg no trygt forvart i skuffa i staden.

Bokskap frÄ min farfar sin barndomsheim. Det har blitt meg fortalt at dette hang ved "hÞgsetet" ved spisebordet, og inneheld viktige bÞker og papir. Farfaren min har forÞvrig laga fleire av desse gamle skÄpa.
Dette syns eg er flott.
Her laga bestemor ofte juledekorasjon inni , med stall og nissar og alt som hÞyrde til. Eit heilt landskap. Spennande Ä sjÄ pÄ for oss som var smÄ.


Skapet under har vi tatt vare pÄ i ein oppryddingsaksjon. Det heng for tida pÄ kjÞkkenet, med Greengate-samlinga mi inni.


PÄ soverommet har eg ogsÄ denne minikommoden. Den har eg hatt omtrent sÄ lenge eg kan hugse. Har arva den frÄ mi tante som igjen hadde fÄtt den frÄ sin onkel (bror til farfar)



Ein vaskekommode som ogsÄ stammar frÄ ein oppryddingsaksjon. Den stÄr pÄ gjesterommet for tida. Med eit flott vaskestell som er arva frÄ NordmÞre.


Eg likar at tinga rundt meg har ei historie. Eg er ikkje sĂŠrleg begeistra for nye mĂžblar, det blir i sĂ„fall eit "nĂždvendig onde" og innkjĂžpa mĂ„ tilpassast det gamle som er der frĂ„ fĂžr. DĂ„ likar eg igrunn betre Ă„ male noko som er sĂ„nn halvvegs utrangert og utan sĂŠrleg sjel. Å gje slike ting eit nytt liv er ikkje sĂ„ verst det heller.

(Kan ellers nevne at eg for tida ikkje innehar verdens beste bloggefotoapparat, eg har heller ikkje sÊrleg tolmodigheit til Ä jobbe med dei foto eg har tatt. Det blir difor lagt ut som det er, uten redigering og anna fjas. Kanskje kjem det bedre tider nÄr det gjeld dette? -men det er slett ikkje sikkert ;-))



lĂžrdag 13. februar 2010

Eit par happeningar

Kom deg ut!


Sist helg arrangerte vi, Barnas Turlag Fosseheimen Gaular, Kom deg ut-dag her pÄ HoffslÄttene. 79 smÄ og store ville vere med Ä prise vinteren og snÞen.
Vi har veldig lite snÞ her i Är, men nok til Ä ake, gÄ litt pÄ ski og ikkje minst grille ;-).
Det var kaldt, men sola er komt, og den varma godt den tida den var framme.


Alle ungane fekk drikkekoppar frÄ DNT. Og dei som ville fekk til og med varme blÄbÊr med vaniljesaus eller varm solbÊrsasft i koppane.





London


Har ogsÄ hatt ein liten svipp til London pÄ studietur i forbindelse med videreutdanninga eg held pÄ med.

Ein tur pÄ Oxford Street stod ogsÄ pÄ programmet.
Mi "evige studieveninne" har ogsÄ fÄtt tak i litt posegodt.
Eg blei imponert over stĂžrrelsen pĂ„ parkane i byen. Veldig flott at det er holdt av sĂ„ mykje grĂžntareal. Neste gang eg skal tilbake til London vil eg reise nĂ„r parkane er grĂžne. I Hyde Park treffte vi pĂ„ mange koselege ekorn. SjĂžlv om vi hadde det travelt pĂ„ veg til ein avtale, MÅTTE vi berre helse pĂ„ desse. Vi er jo vant til masse dyr rundt hushjĂžrna her heime, men ekorn som kom omtrent opp i fanget var litt eksotisk for oss ;-)
Eg mÄtte berre posere litt for Ä vise stÞrrelsen pÄ trea...

Eit besÞk pÄ ein Jamie Oliver sin restaurant stod ogsÄ pÄ programmet. Han plukkar ungdom inn frÄ gata og lÊrer dei opp i restaurantfag. Demed fekk vi eit restaurantbesÞk med fagleg innhald.
Ellers kan eg nevne at det er kjekt Ä reise ut for Ä oppdage kva kvalitetar ein har heime... Kan nevne fleire lokale severingstader med kortreist mat som gÄr denne restauranten ein HØG GANG! Juhuu!



lĂžrdag 6. februar 2010

Treng eit Ăžrlite grann meir inspirasjon




Har fÄtt pÄfyll i stofflageret. Mykje retro og anna spennande. Mange mogelegheiter.
Symaskina har vore lite i drift dei siste vekene.
Treng eit Ăžrlite grann meir inspirasjon.
Har ein anelse om at her er mogelegheiter for mange spanande kreasjonar.
Vanlegvis brukar det Ă„ boble over.
Det brusar litt, men ...


Gledar meg til det boblar!





Dette er spanande!








Eit utslite putetrekk med fint broderi har ogsÄ potensiale...






Ha ei fortsatt god helg!