Det er pÄ tide med hamskifte pÄ Flatheim.
Dette brukar Ä skje kvar vÄr rundt pÄsketider.
FĂžrst ut er tv-stova.
PÄ vinteren brukar vi nemleg ofte Ä "lune" det litt med litt mÞrkare fargar pÄ gardiner og tilbehÞr.
Men nÄr vÄren og lyset kjem, blir det heilt feil. Og trangen kjem dessutan til oppfriskning.
Slik har det sett ut i vinter.

Og slik ser det ut no, gardiner, puter og pledd har fÄtt fyken. Og fram frÄ skap og andre lure plassar har det blitt henta fram lys habitt. Eigntleg hadde eg tenkt Ä sy eit nytt "lappepledd" for anledningen. Inntil vidare har eg funne fram eit som var ferdigsydd, sÄ fÄr vi prÞve med det litt. Det tar nemleg meir enn 5 minutt Ä sy eit nytt....
Dei sjÞlvlysande kvite bollande pÄ bordet har eg sydd av strimler, dette mÄtte eg prÞve etter at eg fekk ideen pÄ bloggen
Jannes Hobbykrok, ho svisjar rett som det er saman slike bollar pÄ eit lite blunk. Og det sÄg jo litt artig ut, dÄ..

Eg ser at eit skikkeleg kamera hadde vore heilt pÄ sin plass. Ingenting kjem heilt til sin rett med det utstyret som eg innehar for tida, men, men...

PÄskeliljene har tjuvstarta litt her... Nye mÄ nok inn nÄr pÄska slÄr til for fullt.

Og eit lite bruktfunn til slutt. Eit litermÄl av den gamle gode sorten.
No Ă„ finne med ein efĂžy godt planta oppi ;-).

God helg!