lørdag 13. juli 2013

Eliteppet

Frøkna fekk ein quilt då ho var lita. Stoffa er bomullsstoff frå Stoff og Stil, og vatten er også derifrå. Store ruter er klipte til med saks, og heile greia er vrangsydd før det har fått ein saum rund heile, midt på ytterste ruta. Ellers er det inga quilting. Ho som sydde det var ingen quiltar, berre veldig ivrig med symaskina.

Reparasjon2

Denne quilten har vore med frøkna i bilen, i senga, i sofakroken – overalt – og ber etter kvart preg av det.

Eg har prøvd meg med erstatningar i Fassett-stoff, med flanell bakside og silkevatt inni, fargekoordinerte lekre storblomstra ruter og handquilting. Pøh! Ingenting kan erstatte Eliteppet. Å kassere det fordi det held på å gå i oppløysing er ikkje aktuelt!

Reparasjon

 

SÃ¥ dÃ¥ set eg meg til symaskina, dÃ¥, kvar gong skatten har vore vaska. Huff, har du sett – det har visst snike seg inn litt Fassettstoff ogsÃ¥.

Håpet er at alle aksjonsquiltane me quiltarar leverer til sjukehus rundt om i landet, blir like kjære for mottakarane som Eliteppet er for frøkna vår.

torsdag 11. juli 2013

Hurra for meg!

 

- fyrst fordi eg vann utfordringa mot vesparypa.

Me hadde heile juni månad på oss, men eg måtte melde pass etter tre veker. Siste veka var det mest snufs og host. Men altså: 4,4 kg mindre feitt og 1,2 kg meir musklar! Det har gått i masse kylling, egg, cottage cheese, rå salmalaks og frukt og grønt. Mykje tran og litt ekstra sink og magnesium fekk eg også med. Morgonkardio, hard styrketrening og motbakketurar gjorde sitt.
Vesparypa tok litt lettare på det, men gjorde også eit bra rykk rette vegen.

Ja, det var hard jobbing – og eg trudde heilt ærleg ikkje at det gjekk an Ã¥ fÃ¥ slike resultat pÃ¥ sÃ¥ kort tid. Det vart forresten ein tredjeplass pÃ¥ meg i konkurransen med alle dei andre.

Premiesko2

Her er premien min frÃ¥ Vesparypa – er dei ikkje lekre?

- og så litt hurra fordi eg fyller år igjen. Eg held meg på førtitalet enno, men kjenner på tidvis varme i toppen at andre tider nærmar seg. Dagen tenkjer eg å feire med mc-tur i finvéret.